Ei perle i vest?

Me starta skuleåret 2009 med 14 dagar ute-skule. Me leika oss i fjæra, fann småkryp og fiska krabbar. Me hadde i forkant både laga strandakvarium og fiskestenger. Derfor trong me mat i akvariet vårt. Me knuste på skjel og tilfeldig fann ein av oss perler i blåskjelet. Då eleven viste det til læraren, blei lærar noko overraska. "Det er jo sjeldan"- utbraut ho og fekk støtte frå den andre læraren. Etterkvart såg me at det var perler i dei fleste blåskjela.

Er det likevel ikkje sjeldan med perler i blåskjel, slik læraren påsto? Tok dei feil begge to? Det stemte jo overhodet ikkje med våre oppdagingar. No vakna verkeleg forskarspirene.

Etterkvart undersøkte me på internett og fann fleire artiklar der det sto at det eigentleg var sjeldan med perler i blåskjel. Kvifor fann me då så mange? Er det fleire perler på Espevær enn andre plasser eller er dei berre så små at ein vanlegvis ikkje legg merke til dei?

Forskninga ved Espevær Skule er i gong

Prolemstilling for forskninga vår er:

Er det eigentleg sjeldan med perler i blåskjel?