Perleundersøking

27 oktober 2009

 

Me var i Lyngtongen 27. oktober 2009 for å undersøkje hypotesen. Fann me perler denne gongen og? Var det berre tilfeldigheitane som råda fyrste gongen? Me var svært spente og alle elevane plukka ivrig blåskjel i fjæra.

Læraren frå Bømlo hadde dagen før vore å plukka blåskjel frå søraustsida av Bømlo, Vevikja. Korleis var desse skjela i forhold til skjela på sørvestsida av Bømlo, Lyngtongen?

Etter me hadde plukka cirka 60 skjel, byrja me å knuse dei. To av elevane sat å skreiv resultata etterkvart som eit skjel var feridig undersøkt.

Deretter byrja me å knuse skjela frå Vevikja. Læraren hadde berre fått tak i 20 skjel herifrå, men me fekk henta nok informasjon til å gjere ei viss samanlikning.

Resultata våre var interessane. Av 53 blåskjel frå Lyngtongen, var det 19 som var utan perler. Ellers fann me perler i alle skjela. Dette utgjer nesten 60 %. Av dei 31 skjela med perler, var det 11 skjel me berre fann 1 perle i. I dei 20 andre var det meir enn ei perle. Det meste me fann i eitt skjel, var 25 perler. Tilsaman av alle 53 skjela fann me i gjennomsnitt 3,3 perler i kvart blåskjel

Av dei 20 skjela frå Vevikja, fann me berre perler i 3. Dette utgjer 15 %. Det meste me fann av perler i eitt skjel, var 3.  Ellers var 17 skjel utan perler. Tilsaman av alle 20 skjela fann me i gjennomsnitt 0,35 perler i kvart blåskjel.

Sjå forøvrig resultatet i stolpediagrammet for å få eit betre bilete av svara av undersøkingane våre. 

   


stolpediagram