Nye spørsmål me ønsker svar på

Etterkvart som forskinga vår pågjekk, fann me svar på nokre av spørsmåla våre. Me grubla og undersøkte, leste i bøker og på internett. Slik fekk me stilla noko av nyfiken vår. Det me likevel opplevde i prossessen, var at det heile tida dukka opp nye, ubesvarte spørsmål.

Nyskjerrigper'ane var vakna!

- Kan sjøbotn ha noko å seia?

Sidan perler blir laga av sandkorn som blir kapsla inn til perlemor? Det var jo mykje sand på botn i LYngtongen. Sjølv om det var det i Vevikja og. Men blåskjela me fann i Vevikja, hang fast på berget og blei henta derifrå. Det er nok lettare å få sand inni skjela når dei ligg på botn?

Dette måtte me undersøkja. Ein av elevane plukka med seg nokre skjel frå berget i LYngtongen. Korleis var dei inni? I desse 4 skjella fann han i snitt fem perler. Hmmmm...Men.....

- Kan straumen til vika ha noko å seie? 

Den er jo med på å virvle opp sanden frå botn? Lyngtongen ligg utsatt til for havstraumane, medan Vevika ligg meir skjerma frå havstraumane. 

- Har årstida noko å seia? Eller temperaturen i sjøen?

Me måtte gi oss utan å få svar på alle spørsmåla våre. Det er uansett spanande å leika forskar og prosjektet vårt har gitt grobotn for undring.