Konklusjon

Forskarane ved Espevær Skule konkluderar med at hypotesen til lærarane er feil. I følgje våre rapportar er det ikkje sjeldan med perler i blåskjela på Espevær.

Ellers i landet viser undersøkingane noko ulikt. Ein mogeleg årsak til dette kva vera at det er strengare krav for å bli kvalifisert til perle enn det me på Espevær opererer med. Mange av dei "perlene" me fann, var så små at dei liknar meir eit sandkorn enn ei perle. Likevel tok me dei med i registreringa vår. Dette kan gi noko feil bilete.

Det har uansett vore ein lærerik og spanande prosess, der forskarspirene har fått grobotn til undring.

Me fekk og prøve oss på å lage nettside. Det er spanande å arbeidde med prosjekt, og det er gøy når prosjektarbeidet skal resultere i noko anna enn veggavis.

Me er ein fådelt skule og dette er eit prosjekt me har stått saman med. Alle har forska og alle har bidratt til resultatet av nettsida.