Espevær skule er ein fådelt skule. Espevær er eit øysamfunn med om lag 140 innbyggjarar. Øya høyrer til Bømlo kommune. Skuleåret 2009/2010 har me 14 elevar på 1.-7.trinn.

Satsingsområda i inneværende skuleår er naturfag, matematikk og IKT.  I haust starta me opp med eit uteskuleopplegg med kanopakke/lavvo. I ein periode på 2 veker var det friluftsliv med kanopadling, matlaging på bål, temaorientering med postar, artslære med m.a. trær, blomar, fjæra. Etter denne oppstarten har me hatt ein friluftsdag pr.mnd. Her har me praktisk tilnærning i ulike fag, t.d. naturfag, matematikk, norsk, samfunnsfag, mat & helse, kroppsøving. Alle elevane på 1.-7.trinn er med.  

Skulen har eit nært samarbeid med Hummarparken. Frå okt til april har skulen hatt ansvar for mating av fisk og hummar i Hummarparken.  

Barnehagen på Espevær held til i same bygget som Espevær skule. Skulen og barnehagen har eit godt samarbeid. Me har eit førskuleopplegg som startar etter haustferien med ei økt i veka. Dette vert gradvis auka opp vidare i skuleåret.   

Kontakt oss gjerne på:  espevar.skule@bomlo.kommune.no

tlf.: 53 42 37 42      53 42 37 44